Me fekk i oppgåve å laga eit sjølvlaga medieprodukt. Tema var det fleirkulturelle samfunnet, og me kunne velja medium og sjanger sjølv. Eg valte å laga eit portrettintervju av ein gut som bur i Norge men har begge sine foreldre med nederlandsk bakgrunn og han er sjølv nederlandsk statsborgar. Han drive og med dans, noko som er veldig fleirkulturelt og internasjonalt.
Vist dette skulle vert publisert, hadde det passa best i ei lokal avis. Enten i papirform eller på nettet. Målgruppa blir vaksne folk, dette fordi det er mykje tekst og fordi eg tar utgangspunkt i at dei kjenne til ein del ord som ikkje er forventa at ein unge skal kunne.
For å gjennomføra oppgåve, begynte eg med å laga spørsmål. Eg redigerte fleire gangar på dei før eg ringte intervjuobjektet og avtalte møtetid. Undervegs i intervjuet kom eg på oppfølgingsspørsmål, som eg spurte og fekk gode svar på. I etterkant jobba eg med stoffet og eg tok kontakt med han på telefon for å få nokon ekstra opplysningar. Han sendte meg bileter, fordi det var dei han ønskte skulle bli brukt.
Når det gjeld verkemiddel har eg har valt rød overskrift for det er ein fengande farge. Eg har prøvd å skriva ein kort og presis ingress som seier noko om kva teksten vidare kjem til å handle om. Sjølve teksten har eg prøvd å skriva på ein lett måte slik at det skal vera enkelt for lesaren og lesa og forstå innhaldet i teksten. Eg har satt inn litt bileter for å illustrera og bryta opp teksten.
Refleksjon:
Eg trur ikkje eg kunne funne ein meir fleirkulturell og engasjert gut! Eg syns eg hadde eit perfekt intervjuobjekt til denne oppgåve, så veldig fornøyd med det.
Det som var utfordringa med oppgåva var at me skulle gjera den i russetida og eksamenstida. Det vart dermed litt liten tid. Me hadde og fått veldig lite undervisning i nokon av sjangrane, me fekk heller ikkje skriftleg oppgåve. Det er første gang eg har skreve eit portrettintervju. Ut i frå dette syns eg at eg har gjennomført oppgåva bra. Dersom eg skulle gjort noko annleis hadde eg ikkje brukt Word, for det fungerte dårleg å setta inn bileter. Eg hadde nokk funne eit anna program som fungera betre å setta inn bilete og tekst i same dokument. Eg kunne og ha jobba meir med teksten, dette er noko eg kjem til å gjera når eg for ein tilbakemelding av læraren. Då ser eg kor godt eg har treft oppgåve. Veldig glad for at me har ein slik ordning av me for ein tilbake melding før me for ein endeleg karakter.