Elevarbeidet til elevane på Kongsberg skule var å skriva ein innleiing om informasjonskløfter. Me på Sogndal vidaregåande skulle inn og lesa deira innlegg og kommentera dei. Etter å ha lest fleire blogginnlegg og kommentarar, fant eg ut at dei ikkje har lært det same som oss. Det er fleire ting våre lærarar er opptatt av som dei vist nok ikkje har hatt noko om. Her skal eg komma med mine observasjonar overfor det faglige og strukturelle skal og sei litt om personlige meiningar før eg til slutt seie litt om kva eg tok hensyn til når eg skreiv kommentar til Kjersti.
Det eg observerte faglig var at dei ikkje hadde lært det same om kjeldebruk som oss. Når ein ser litt meir på struktur så vart eg veldig usikker på kor langt dei skulle ha det. Fordi nokon hadde skreve 100 ord mens andre hadde skreve 350 ord.
Det eg syns var vanskelegast me å kommentera, var at me ikkje direkte viste oppgåva deira og at me ikkje veit kva dei har lært. Altså kva deira lærar legg vekt på i forhold til våre, så ikkje så enkelt å vita kva me skal “pirka” på. Det var og veldig interessant å sjå forskjellen på vårt og deira arbeid. Trur eg i seinare tid kjem til å tenka meir igjennom korleis teksten min er. Etter ha måtta lest andres tekstar å funne dei bra tinga og dei mindre bra tinga. Då blir det enklare å finna dei mindre bra tinga i min eigen tekst trur eg.
Når eg skreiv kommentar til Kjersti tok eg hensyn til at dei ikkje hadde lært det same som oss når det gjaldt kjeldebruk og var veldig bevist på at eg fokuserte på dei bra tinga. Gidde eit par hint om korleis eg ville gjort det utifrå kva me har lært.
Her er ein kommentar eg skreiv til Kjersti.
Heisann!
Trine frå Sogndal
Likte godt at du stille spørsmål i innleiingen og at du har med kjeldehenvisning i teksten :)
Veldig mykje bra, men kanskje noko av det heller kunne komme lengre nede i teksten. For
ein ting du kan vera litt obs på er at Innleiing skal vere sånn ca. 10% av heile teksten.
Trur at dersom eg skulle trekt ut noko av denne teksten til innleiing ville eg først presentert oppgåva (litt slik du har gjort i andre avsnitt), deretter tatt med definisjon på informasjonskløft (sia det er det teksten handla om) + kjelde og til slutt ville eg stilt eit spørsmål som ein kan svara på lengre nede i teksten(du kan evt bruka nokon av dei du har).
Hugs kjeldelist på slutten!
Sei i frå når du er ferdig slik eg kan lesa den, har trua på at teksten blir bra :)
Stå på!
http://kjerstismedium.blogspot.com/2011/02/en-kladd-til-innledning-om.html
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar