Journalistikk og informasjon
Journalisten har mange rollar og oppgåver i media og samfunnet, og det har etter kvart vorte mange meiningar og formuleringar på kva deira arbeid skal i hovudsak bestå av(MM s 176, MK s286).( “Journalistikk er formidling og presentasjon” skriv man i Mediekommunikasjon(s283), men man skriv også at “Pressa har eit samfunnsoppdrag”(s283).) Det er mange faktorar som spelar inn når man skal diskutere journalistikk, som kva land man jobbar i, kva eigarskap avisene har, kva fridom journalistane har, og ikkje minst etiske og moralske spørsmål. Alt i alt kan ein vere samde om at journalistikk i eit demokrati har to hovudoppgåver: informasjon og samfunnskritikk(Mediamøter, s 176). Spørsmålet vi kan stille oss er i kva grad informsjonen vi får er nyansert og rett når det er så mange ting som påverkar journalisten i arbeidet deira?
I Mediamøter(s.176) står det at informasjonsoppgåva til journalistikken idag er:
Dei skal samle informasjon og gjere det tilgjengeleg for folket ved å bruke ulike typar medium, og slik spreie informasjon, politikk og kultur til alle(Wikipedia). Helst vil me ha ein refererande og kritisk journalistikk som er nøytralt og undersøkjande slik at me kan få den relevante informasjonen som vi elles ikkje ville hatt, og slik at me kan forstå kva saka eigentleg handlar om(MM s 179f, MK s.298). Dette er det ideelle for journalistikken, men frå tidlegare og vere prega av klare politiske standpunkt, og gjennom lausrivinga på 70- og 80-tallet, møter no journalistikken nye utfordingar i form av fleire forum som internett og fleire krav om rask formidling(Mediamøter s.176). Vi skal vite at ting har skjedd i augneblinken det skjer.
I dag har journalistikken mange nye utfordringar. Internett og mobiliteten til dei fleste av oss gjere at man heile tida skal oppdatere nettaviser o.l. Dette kan sjølvsagt få konsekvensar for innhaldet i artiklane når man ikkje har like god tid på seg til å sjekke fakta og vurdere kjeldene i lika stor grad som man gjorde tidlegare. Økonomi har også mykje og sei for kva type journalistikk me får sia dei fleste aviser no for tida er eigde av ulike bedrifter. Èi mediabedrift med mykje pengar har råd til meir gravande journalistikk som går over tid til dømes(MM s180, MK s. 283f). Samtidig krev det at avisene har saker som sel meir for og tene pengar til å finansiere den gravande journalistikken samt å kunne investere i teknologi som dei treng for og halde tritt med marknaden(MK s285f).
Så kva har endringane i mediekvardagen og sei for produkta journalistane leverar oss? På grunn av større leveringspress og salspress har journalisten mindre tid på seg til å følgje opp kjelder og informasjonen dei får, og det kan bety at vi som lesarar får mindre nyanserte artiklar å lese. For å skape interesse, som igjen kan gje gode salstal, må journalisten finne ei vinkling som gjere at dei fangar lesarane. Og for å finne vinklingar hender det at journalistar må bøyge på etiske prinsipp og betale for kjeldene sine. Dette ser vi mykje i blad som Se og Hør, og man kallar det for Kiss & Tell eller sjekkheftejournalistikk(MM s. 180)
Med alle utfordringane til media i dag med salstall, akutualitet og hurtighet kan man lett sjå at det dei produserar kan ha varierande kvalitet og ikkje alltid er like nyansert. Korleis påverkar det oss? Vi får ikkje lika gjenomarbeida artiklar som tidlegare, men vi får nyhetene når det skjer og ikkje dagen etter. Vil vi ha meir informasjon vil den komme etter kvart. Kravet om nyheiter som sel fører og til ein som sagt raskare og mindre gjennomarbeida artikkel, men også til meir pengar i kassa, og med meir pengar i kassa har man større mulighet til å drive med undersøkjande og kritisk journalistikk, som er den typen journalistikk som er kanskje mest samfunnsnyttig. Slik sett kan vi sjå at det er både positive og negative ting med mediasituasjonen slik den er i dag, det heile går i ein sirkel. Utfordringen ligg nok i å passe på at man ikkje vert så opphengt i salstall og rask nyheitsformidling at man gløymer å produsere kvalitetsstoff.
Kjelder:
Asbjørnsen, Dag m.f: Mediamøte 2, Aschehoug 2008
Ødegård, Siri og Hobæk, Inger: Mediekommunikasjon 2, , Aschehoug 2008
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar