mandag 17. januar 2011

Fagleg presentasjon og refleksjon over medieprodukt: Avisarbeid

Høsten 2010 fekk me ei innleveringsoppgåve som gjekk ut på og utarbeida eit skriftleg medieprodukt. Me kunne velga mellom og laga ein informasjonsplakat for ungdomsbasen, eller me kunne skrive ein journalistisk artikkel om ei sak i lokalsamfunnet. Dersom me valgte avisartikkel skulle me tenka oss at den kunne komma på trykk.

Eg syns det og skriva ein avisartikkel høyrtes mest spennande ut så eg valte det. Eg syns det var vanskelig og finna ei sak, fant først ei sak og leverte inne. Fekk tilbake melding om at det ikkje var innanfor oppgåve og måtte finna meg ei ny sak. Då fekk eg eit tips av morfar at eg kunne skriva om situasjonen til sauebonden Birger Halveg i Jostedalen, som hadde mista mange saue sine pga jerv.

Satt meg ned og begynte å tenka, på korleis eg kunne vinkla saken og skreiv ned ting eg lurte på før eg tok telefonen og ringte Birger Halveg. Han var ein ivrig kar som syns det var veldig kjekt at eg engasjerte meg i noko slik og han gidde meg mykje interessan og deltajert informasjon om situasjonen hans.

Av Birger fekk eg eit hint om at eg kunne ringa Einar Fortun som er i naturoppsynet i Luster kommune for han hadde nemleg vert innblanda i saken. Etter å ha snakka med han fekk ein enda meir informasjon og fleire auger inn i saka.

Jobba i fleire omgangar med informasjonen eg hadde fått for å få ein fullstendig tekst. I arbeidsprosessen lærte eg mykje, både kor mykje planlegging og jobbing det ligge bak det å skriva ein avisartikkel og kor mykje bildene har og seie.

Eg syns det var artig å jobba med ein avisartikkel. Det beste var at me kunne levera inn å få tilbake melding slik me kunne forbedra den. For kvar omgang eg jobba med teksten min såg eg resultat og det gir motivasjon.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar