Presentasjon og refleksjon over medieprodukt: videoproduksjon
Heildagen høsten 2010 fekk media klassen min i oppgåve og laga ein film. Me vart delt inn i 3 ulike grupper og kvar gruppe fekk sitt tema, mi gruppe sitt tema var telefonutviklinga. Utifrå det skulle me laga ein kortfilm med ungdommar som målgruppe.
Me hadde ein dag på oss der me skulle planlegga, få tak i utstyr, filma og redigera. Det seie eg sjølv at tida vart knapt til og laga fult storyboard, synopsis og manus. Me lagde manus som forteljaren pugga før me tok opptaket.
Måten me utførte denne oppgåva var at me delte filmen inn i to delar, ein faktadel og ein humor/illustrasjonsdel. Fakta delen består av ein forteljar som er nøytral og fortelje rein fakta. Humor/ illustrasjonsdelen har me lagt inn for og bryta opp i faktadelen og holda interessa oppe hos ungdommane. Me bruka det som forteljaren nett har snakka om som tema i sketsjane.
Detta vart ein kortfilm på 2 min og blir i same sjanger som youtube filmane me kjenner til.
Eg syns resultatet av filmen vart veldig bra etter å ha hatt så dårlig tid til og planlegga og gjennomføra oppgåve. Eg lærte mykje både om det og laga film og korleis forteljarelement som er viktige. Dersom eg skulle ha laga ein film til, ville eg nokk sett av meir tid til og laga storyboard, synopsis og manus, fordi då er ein meir sikra at filmen blir bra. Uansett om vår film fungerte veldig bra var nokk det litt meir flaks :) !
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar