onsdag 16. februar 2011

Skriv ein kommentar

Elevarbeidet til elevane på Kongsberg skule var å skriva ein innleiing om informasjonskløfter. Me på Sogndal vidaregåande skulle inn og lesa deira innlegg og kommentera dei. Etter å ha lest fleire blogginnlegg og kommentarar, fant eg ut at dei ikkje har lært det same som oss. Det er fleire ting våre lærarar er opptatt av som dei vist nok ikkje har hatt noko om. Her skal eg komma med mine observasjonar overfor det faglige og strukturelle skal og sei litt om personlige meiningar før eg til slutt seie litt om kva eg tok hensyn til når eg skreiv kommentar til Kjersti.

Det eg observerte faglig var at dei ikkje hadde lært det same om kjeldebruk som oss. Når ein ser litt meir på struktur så vart eg veldig usikker på kor langt dei skulle ha det. Fordi nokon hadde skreve 100 ord mens andre hadde skreve 350 ord.

Det eg syns var vanskelegast me å kommentera, var at me ikkje direkte viste oppgåva deira og at me ikkje veit kva dei har lært. Altså kva deira lærar legg vekt på i forhold til våre, så ikkje så enkelt å vita kva me skal “pirka” på. Det var og veldig interessant å sjå forskjellen på vårt og deira arbeid. Trur eg i seinare tid kjem til å tenka meir igjennom korleis teksten min er. Etter ha måtta lest andres tekstar å funne dei bra tinga og dei mindre bra tinga. Då blir det enklare å finna dei mindre bra tinga i min eigen tekst trur eg.

Når eg skreiv kommentar til Kjersti tok eg hensyn til at dei ikkje hadde lært det same som oss når det gjaldt kjeldebruk og var veldig bevist på at eg fokuserte på dei bra tinga. Gidde eit par hint om korleis eg ville gjort det utifrå kva me har lært.
Her er ein kommentar eg skreiv til Kjersti.


Heisann!
Trine frå Sogndal
Likte godt at du stille spørsmål i innleiingen og at du har med kjeldehenvisning i teksten :)
Veldig mykje bra, men kanskje noko av det heller kunne komme lengre nede i teksten. For
ein ting du kan vera litt obs på er at Innleiing skal vere sånn ca. 10% av heile teksten.
Trur at dersom eg skulle trekt ut noko av denne teksten til innleiing ville eg først presentert oppgåva (litt slik du har gjort i andre avsnitt), deretter tatt med definisjon på informasjonskløft (sia det er det teksten handla om) + kjelde og til slutt ville eg stilt eit spørsmål som ein kan svara på lengre nede i teksten(du kan evt bruka nokon av dei du har).
Hugs kjeldelist på slutten!
Sei i frå når du er ferdig slik eg kan lesa den, har trua på at teksten blir bra :)
Stå på!
http://kjerstismedium.blogspot.com/2011/02/en-kladd-til-innledning-om.html

tirsdag 1. februar 2011

5 avsnittstekst

Hvilken rolle har mediene i det flerkulturelle samfunnet/en gobalisert verden?


Islamofobi


Kva rolle har eigentleg mediane i eit fleirkulturelt og globalisert samfunn? Svara på dette kan vera mange. Rolla media spela i samfunnet er forskjelleg frå land til lang og kontinent til kontinent. I Europa snakka ein mykje om islamofobi i media fortida, Men kva er eigentleg islamofobi og finst den i media? kor mykje blir me i samfunnet påverka av islamofobi?

Det er vanskelig og gje ein eintydelig definisjon på islamofobi. I læreboka media møte 2 s. 117 går definisjonen slik “Ugrunna frykt for islam og muslimar”. Detta er jo den eigentlege betydningen i av ordet, men det er ikkje slik det blir brukt i dagleglivet. I praksis blir det brukt generelt om alle slags negative holdningar til Islam og muslimar(wikipedia) og man har til ein viss grad måtte starte og stille spørsmålet om kva islamofobi eigentleg vil sei.

Media vert beskulda for å drive med islamofobi og spreie den ved å bruke uttrykk som er negativt lada i forhold til islam og muslimar. Slik er dei med på å skape ein frykt som ikkje er nødvendig. Dømer på dette kan vere Carl I. Hagens påstand om at Norge er i ferd med og verte islamisert, og såleis gir uttrykk for at noko ukjend skal “ta over” landet vårt. Dette seier han i ein artikkel dagbladet har skreve.

Vanskelig debatt fordi man veldig raskt vert stempla som rasist viss man kjem med kritikk mot islam og muslimar. Det som må poengterast er at sakleg kritikk ikkje kan kallast for islamofobi på noko måte(Wikipedia). Men man kan vere einig om at man burde får ein klarare bruk av ordet for å konkretisere kva islamofobi eigentleg er og for at folk skal kunne ha ein felle oppfatning av kva som meinast når man brukar ordet.

For ein liten avrunding så har ikkje vestlege befolkning nokon grunn til og frykta islam og muslimar og media er ikkje heilt nøytralt med språket enda. Det er mange meiningar rundt detta temaet, eg meiner at det er viktig at i alle fall media brukar rett språk, for som me veit har media ei stor påvirkningskraft på dei fleste menneskjer.




Kjelder:
“Islamofobi og rasisme” Dagbladet oppdatert onsdag 26.03.2008 09:51. 24.01.2011.
http://www.dagbladet.no/kultur/2008/03/26/530563.html

“Islamofobi” Wikipedia oppdatert 12. des 2010 kl. 12:20. 24.01.2011. http://no.wikipedia.org/wiki/Islamofobi

Asbjørnsen, Dag m.f: Mediamøte 2, Aschehoug 2008
Ødegård, Siri og Hobæk, Inger: Mediekommunikasjon 2, , Aschehoug 2008